Tilbake til nyheiter

7. april 2026

Dommarkurs

Dommarkurs

Klubbdommarkurs (5er og 7er) og nierdommarkurs arrangerers på Kvitseid skule torsdag 9.april klokka 14:30 og 16.

Torsdag 09.04.26 kl. 14:30 på Kviteseid skule (mat frå klokka 14) Kviteseid IL Fotball inviterer alle jenter og gutar frå 6. -10. klasse, og vaksne som er medlem av Kviteseid Idrettslag, til å vere med på klubbdommarkurs! Frå klokka 16 har vi niardommarkurs, niardommarkurset er ope for alle over 13 år. I år, som i fjor, er det Ridha Ben Mohamad Hnana frå Eidanger Idrettslag som er instruktør. Møt opp rett etter skulen og få litt mat og drikke før kurset startar. Ta med nettbrett/PC. Det er både lærerikt og spanande å vere med på dommarkurs, og ein kan gjerne ta kurset fleire gonger. Det er lurt med repetisjon før ny sesong! Etter gjennomført kurs vil ein vere kvalifisert til å dømme kampar i femmer- og sjuerfotball, og får betalt for kampane ein dømmer. Påmeldingsfrist: måndag 06.04.26

https://docs.google.com/forms/d/1FLjrgZNaqAKc2EagJbJrvwBvkUBBjriIcy9kYJ64sl8/edit?fbclid=IwY2xjawQx-FdleHRuA2FlbQIxMQBzcnRjBmFwcF9pZBAyMjIwMzkxNzg4MjAwODkyAAEeLHRy5bZCRh0CJqG6NY7c99WENxahpcUBezdPQhI3HHOGmZB8ASXldUs6SJ8_aem_ugLSuc8i_u_afYVpeHwnug

Dommarkurs | Kviteseid Fotball