Fotballhandbok

Alt du treng å vite som spelar, forelder eller trenar i Kviteseid Fotball.

Verdiar og målsetjing

Hovudmål er å gi så mange born som mogleg eit godt fotballtilbod og gode fotballopplevingar.

  • Gi borna trygge sosiale rammer, gode meistringsopplevingar, eit differensiert treningstilbod og eit jambyrdig kamptilbod.
  • Gi høve til å skape best mogleg balanse mellom meistring og utfordringar for å leggje til rette for utvikling for alle.
  • Utvikle fotballglede, treningslyst og lagkjensle.
  • Ha fokus på Fair Play, gode haldningar og trivsel.
  • Vi fokuserer på utvikling, lagmoral og innsats framfor siger og tap.
Påmelding og medlemskap

Alle som ønskjer å spele fotball må vere medlemmer av Kviteseid IL. Nye medlemmer melder seg inn via kviteseididrettslag.no.

Faktura for medlemskontingenten kjem automatisk inn i foreldre/føresette sin profil i minidrett.no og må betalast årleg.

For å spele fotball i årets sesong må ein i tillegg melde seg på fotball via ikviteseid.no.

Ved samansetting av lag leggjast det vekt på det sosiale og vi følgjer derfor klassetrinn framfor fødselsår.

Forsikring og skadar

Gjennom medlemskapet i Kviteseid IL har born og ungdom fotballforsikring (grunnforsikring) som gir kortare ventetid og dekkjer ein del kostnader.

Skulle uhellet vere ute, ring Idrettens skadetelefon på 987 02 033 og/eller gå inn på idrettshelse.no.

Dersom nokon må til legevakt og foreldre ikkje er til stades, må ein annan vaksen som er til stades følgje spelaren. Ved legebesøk er det viktig å få med ein rapport som blir levert til foreldra.

Fair Play

Det er viktig med gjensidig respekt mellom alle — trenarar, dommarar, føresette, lagkameratar og motspelarar. Ein skal helse ordentleg før og etter kamp, og ingen banning på banen.

Under kampar står føresette og tilskodarar på motsett side av trenarar, lagleiarar og spelarar. Hugs at klubbdommarane er ungdom under læring, og vi har eit felles ansvar for at alle skal trivst i fotballen.

I barnefotballen er det viktig å hugse pressfri sone og at ein skal etterstreve jamne kampar. Alle skal få spele like mykje, og i ungdomsfotballen skal alle få spele minst ein halv omgang.

Les meir om Fair Play: fotball.no/fair-play

Cupdeltaking

Alle lag på same alderstrinn skal delta på same cup og få same oppfølging. Det sosiale er det viktigaste prinsippet.

AlderstrinnCupar
J08 og G08Vinje Cup
J10 og G10Vinje Cup
J12 og G12Høydalsmo Cup, Skjærgårdscup (Langesund)
J15 og G14/16Seljord Cup, Norway Cup (Oslo), Skjærgårdscup (Langesund)

Kviteseid IL dekker påmeldingsavgift. Transport blir ikkje dekt. For cupar med overnatting dekker klubben påmeldingsavgift. Kvar enkelt spelar dekker eiga deltakaravgift.

Banestorleik etter aldersklasse
KlasseSpelformBaneMålBall
G/J 8 år5er20 x 30 m5erLettvekt nr. 4
G/J 10 år7er30 x 50 m7er4
G/J 12 år9er40–50 x 58–64 m7er4
G1411er60 x 100 m11er4
J1511er60 x 100 m11er5
G1611er60 x 100 m11er5
Spond — kommunikasjon

Kviteseid IL Fotball nyttar Spond som kommunikasjonsmedium. Spond er ein gratis app som fungerer på alle plattformar. Om du ikkje vil installere appen, kan du få meldingar via sms eller e-post.

Les meir: spond.com

Hovudregelen er at alle på laget møter til trening og kamp. Spond er ein lett måte for foreldre å få oversikt fram i tid og melde frå når det ikkje passar.